Vil avgrensa forlagsmakta

Kulturminister Anniken Huitfeldt vil innføre eigarskapsavgrensingar for å få meir konkurranse i bokmarknaden.

– Vi ser at det kjem stadig nye små forlag, og det er viktig at det vert skapt konkurranse i bokmarknaden. Det er derfor eg meiner det kan vere behov for ei eigarskapslov. Det er naturleg å vere føre var og finne ut korleis vi ønskjer maktforholda i bransjen. Det spesielle er at forlaga også eig bokhandlane, seier Huitfeldt til Aftenposten.

Forlaga Cappelen Damm, Gyldendal og Aschehoug dominerer den norske bokbransjen. Dei har marknadsdelar på høvesvis 29,1 prosent, 23,4 prosent og 17,9 prosent.

Forlaga eig også bokhandlar, dei store bokklubbane, distribusjonsselskapa og e-bokutgjevaren, eit resultat av det som vert kalla vertikal integrasjon. Huitfeldt ser både fordelar og ulemper med ein slik maktkonsentrasjon.

I Tyskland er det allereie innført eigarskapsavgrensingar. Den norske mediebransjen er også underlagt eigarskapsavgrensingar. Eit selskap som eig ein tredel av marknaden for aviser, radio eller tv, får ikkje kjøpe seg ytterlegare opp.

Eit tilsvarande lovverk for bokbransjen kan få som konsekvens at dei tre store forlaga må selje deler av verksemda dersom dei ønskjer å gjere nye oppkjøp. Formålet med ei slik lov er å hindre at små forlag blir etne opp av store aktørar. (©NPK)

Kilde: http://www.framtida.no/articles/vil-avgrensa-forlagsmakta

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s