Vi druknar i litteraturprisar

Torsdag skal Stiftelsen Den norske Bokprisen dele ut Brageprisen for 20. gong. Veka etter skal bokhandlarane dele ut Bokhandlerprisen. Heile året kjem prisane: Kritikerprisen, Sultprisen, Amalie Skram-prisen, Aschehougprisen, Oktoberprisen, Den norske leserprisen, Nynorsk litteraturpris og P2 lytternes romanpris er bare nokre av dei 60 prisane som blir delt ut årleg i Noreg.

– 60 prisar er for mange. Veldig få av desse prisane gjer prismottakeren og organisasjonen så synlege som dei ønskjer og kanskje fortener, seier Kvisle.

– Nei, det er eg ikkje samd i. Det er eit mangfald av prisar som treff ulike målgrupper og forfattarar. Vi har prisar for både barne- og ungdomsforfattarar, omsetjarar og debutantar, seier direktør i Bokhandlerforeningen, Trine Stensen, til NRK.

– Nokre av prisane er det jo lesarane sjølve som kårar, Bokhandler-prisen er det bokhandlarar over heile landet som vel ut, andre prisar er det faglitterært råd som bestemmer. Det gir ulik merksemd og treff ulike lesarar, held ho fram.

Ingen monolitt
Leiar i Bragerådet, Kari Marstein, trur ikkje ein vil finne nokre bransjar der det er for mange prisar.

– Vi har kanskje ikkje ein monolitt, men det er bare ein føremon for lesarane. Dei får peika på fleire ulike bøker i løpet av eit år, seier ho.

– Kan Brageprisen bli som den svenske Augustprisen i styrke og kraft?

– Det er ikkje sikkert vi vil bli så spissa som svenskane, som bare har ein pris. Der er det kun ei bok som får all merksemda blant svenske bøker, då forsvinn mange andre, seier Marstein

Kilde: http://www.framtida.no/articles/vi-druknar-i-litteraturprisar

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s