Banar veg for e-bibliotek

Nybrottsarbeid i Ryfylke.

I Ryfylke i Rogaland slår seks mindre bibliotek seg saman og lager e-biblioteket Ryfylkebiblioteket, som skal vere klart til utlån av e-bøker, lydbøker, filmar og musikk 1. februar neste år.

– Det er litt artig at det er seks så pass små bibliotek i distriktet som har jobba fram ei løysing for korleis eit e-bibliotek kan fungere, seier biblioteksjef i Forsand kommune, Nina Olaussen, til LNK-avisa. Ho kallar dei seks distriktsbiblioteka for «underdogs».

Ho er biblioteksjef i ein kommune med 1200 innbyggjarar. Dei andre fem kommunane som er involverte i e-biblioteksamarbeidet, er Strand, Hjelmeland, Suldal, Finnøy og Sauda.

– For to år sidan las eg ein artikkelserie i Dagens Næringsliv som handla om e-bøker og at dei endeleg skulle kome til Noreg. Då byrja eg å tenkje at dette hadde vore kjekt å kunne nytte seg av. Eg spurde meg sjølv om eg ville kome til å ha råd til å kjøpe alle dei e-bøkene mannen min og eg treng, og fann ut at nei, det ville eg ikkje, fortel Forsand-biblioteksjefen.

– Så tenkte eg på om biblioteket her på Forsand ville ha råd til å kjøpe inn alle e-bøkene vi trengte, om berre tre stykk i bygda skulle lese dei. Eg kom fort fram til at det ville bli for dyrt, held ho fram.

Etterlengta samarbeid
Ho fortel vidare at dei seks biblioteka i Ryfylke allereie hadde eit godt forhold, og at dei i lengre tid hadde snakka om å samarbeide tettare, men at dei ikkje ennå hadde funne noko å samarbeide om. Den lange avstanden mellom biblioteka gjorde det dessutan vanskeleg å samarbeide. Frå Sauda i nord til Forsand i sør er det ifølgje Google Maps 138 kilometer.

– Det var då ideen om å opprette eit felles Internett-basert bibliotek for e-bøker dukka opp, seier Olaussen.

For å kunne opprette eit slikt bibliotek måtte dei ha eit selskap som gjorde det mogeleg med felles utgifter og materiellkjøp. Tidlegare dagleg leiar i Ryfylke interkommunale selskap (Ryfylke IKS), Odd Harald Olsen, tok kontakt med biblioteka.

– Olsen inviterte oss til å opprette ei avdeling under Ryfylke IKS. Han meinte at å vere ei organisatorisk eining under dei som allereie hadde eit organisasjonsnummer, var den enklaste måten å skape ei plattform vi kunne samarbeide ut ifrå, seier Olaussen.

Interkommunal draghjelp
Ryfylke IKS er eit godt kjent selskap som har eksistert i mange år, og det medverka til at det nye Internett-baserte biblioteket fekk pengestøtte til å starte opp.

– Vi fekk pengar frå Nasjonalbiblioteket, frå Regionalt utviklingsprogram (RUP) gjennom Rogaland fylkeskommune og frå Ryfylkefondet, fortel Olaussen.

Til slutt sat dei att med 750 000 kroner i støtte til samarbeidsprosjektet. Midlar som kjem godt med, for elles måtte biblioteka finne midlar til Ryfylkebiblioteket ut i frå dei midlane dei allereie har til rådvelde.

Etter at dei hadde fått på plass ein organisasjon for samarbeidet, starta dei ein anbodsrunde for å finne tilbydaren som kunne gi dei eit best mogeleg tilbod og løysing for eit felles Internett-basert bibliotek. Det var Bibits som vann anbodsrunden.

Dagen før vi snakka med biblioteksjefen i Forsand, gjekk det siste kommunestyret (Sauda) inn for oppretting av Ryfylkebiblioteket og dei valde løysingane.

Fleire e-bibliotek kjem
Dei seks Ryfylke-biblioteka vil ha dei digitale utlånsmedia integrerte i den vanlege bibliotekkatalogen, og det kravde at alle seks biblioteka hadde eit felles biblioteksystem. Dette er nå på plass, kan Olaussen fortelje.

– Vi er ikkje dei første som kjem til å låne ut e-bøker, det gjer dei allereie ved Buskerud fylkesbibliotek, men det som er spesielt med vårt prosjekt, er organisasjonsmodellen. Vi er dei første biblioteka som samarbeider gjennom eit interkommunalt selskap. Dessutan er det sjøvsagt spesielt at vi er så små, sluttar Olaussen.

Kjartan Vevle i Biblioteksentralen konsentrerer seg nå først om å få Ryfylkebiblioteket opp å gå til 1. februar 2012.

– Ryfylke har førsteprioritet frå vår side, men vi har stor etterspurnad etter slike e-bibliotek, og det er mange som følgjer i hælane på Ryfylke, seier Vevle.

Kilde: http://www.framtida.no/articles/banar-veg-for-e-bibliotek

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s