Språk er viktig!

Språkmannen Sylfest Lomheim synte elevane kor morosamt språk kan vere.

Kva tyder ordet rektor?
Unni Marie Forberg (13, i blå genser, ) fekk forklart namnet sitt. Foto: Maria Torheim
 
Kva tyder ordet rektor? Og finst det skjulte skattar i namna våre? Tidlegare språkdirektør Sylfest Lomheim (66) nytta pedagogiske knep då han for første gong førelas om språket for ein ungdomsskule under årets Nynorske litteraturdagar.

Sylfest Lomheim frå Hafslo i Sogn har vore gjennom det meste i løpet av livet. Han har rukke å utdanne seg som filolog, bli professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder, vore TV-produsent i NRK og konsulent med ansvar for rekruttering av nynorskmedarbeidarar i same kanal, gitt ut fleire bøker i tillegg til å gi Språkrådet eit andlet etter sju år som direktør og samfunnsdebattant. Nyleg var han også gjest i det populære gullrekkje-programmet Nytt på Nytt. Under skulearrangementet som fann stad fredagen på Nynorske litteraturdagar, gjorde han derimot noko han ikkje har vore borti før. Han stod framfor heile ungdomstrinnet på Aurland barne- og ungdomsskule og heldt føredrag om språket. Elevane fekk på si side ein bodskap dei seint vil gløyme.

– Det er litt uvant dette, men så er eg kjend for å snakka, so me kjem nok til å koma oss igjennom dette saman, sa Lomheim til ungdommane før han sette i gong.

– For eit namn
Lomheim er eit kjent andlet for dei fleste, til og med for dei yngre. I år er han aktuell med boka Tale er gull, og han var innleigd til å halde fleire ulike arrangement under Nynorske litteraturdagar i Aurland helga 28–30. oktober. Utgåva dette året er den sjette i rekkja, og sjølv om Lomheim har vore med på festdagane før, var det spesielt for han å bli invitert tilbake i år.

Lomheim ser rundt seg i rommet. Den lange peikefingeren hans beveger seg så vidt og klarar å lausrive seg frå dei andre fingrane. Heilt lydlaust peikar den mot 13 år gamle Unni Marie Forberg i åttande klasse.

– Du! Kan du koma opp her og skrive namnet ditt på tavla?

Unni Marie ser litt forvirra frå klassevenninnene ho har ved sida av seg, opp på språkdirektøren og tilbake. Ho reiser seg frå stolen og går opp til Lomheim. Han smiler då ho med rund jenteskrift skriv namnet sitt. Då ho har sett seg, fortset Lomheim på runden sin og peiker på fire nye uvitande skuleungdommar. Då runden er unnagjort, tek Lomheim ordet på ny og forklarar for dei heldige kva namna deira tyder, og kor dei kjem ifrå.

– Om vi ser på Unni Marie, er det både eit heidensk og eit kriste namn. Unn er gammalt og heidensk og tyder anten å elska eller å bli elska. Marie stammar frå Miriam og handlar om ei dame med fine former, seier Lomheim og illustrerer samstundes som han haustar latterbrøl frå ungdommane.

– Men du har eit flott namn, det bør du vera stolt av, legg han til.

– Språk er viktig
Arrangementet Litteratur til elevane gjekk av stabelen fredagen under litteraturdagane. Barnetrinnet fekk besøk av Anna R. Folkestad, som i år debuterte med barneboka Henrik And, på mellomtrinnet underheldt lærar og forfattar Signe Olaug Pedersen, som til vanleg arbeider ved den same skulen, medan Sylfest Lomheim snakka til ungdomsskulen. Sistnemnde tykte det var spanande å snakke til ungdomen.

– Bodskapen min med dette arrangementet var å vise at språk er viktig og interessant. Ved å nytte litt pedagogiske knep fekk eg dei til å høyre etter, for å få fram kor viktig det er å skrive og snakke rett og godt.

I boka Tale er gull går Lomheim igjennom kor avgjerande talen er for mennesket, og han er innom tema som teknologi, tale og tekst. Den tidlegare språkdirektøren har vore mykje i media med sitt skeptiske syn på korleis menneskja tek i bruk den nye teknologien. Dette var han ikkje så mykje innom på skulearrangementet, men han gav likevel ungdommane eit par alvorsord på vegen.

– På Internett er det ingen kontroll. Det er ingen kvalitetssikring, og det kan florere mykje dårleg språk på det store og vide nettet. Eg var så vidt innom dette med ungdomane for at dei kunne ha det i bakhovudet når dei er på Internett, seier Lomheim, som i boka si får fram eit skeptisk syn på om menneskja verkeleg klarar å styre den nye teknologien eller ikkje.

Bevisstgjering om språk
Under den vesle timen han hadde på Aurland barne- og ungdomsskule, vann han fort merksemda til tilhøyrarane, og han klarte verkeleg å trollbinde ungdomen. Han skildra kor mangfaldig språket kan vere, og kva det kan tyde for oss. Alt ispedd ein god dose humor og morosame anekdotar, som Lomheim er så kjend for.

– Forresten, veit de kva ordet studentar tyder? Det er latinsk og tyder kort fortalt «dei som arbeider». Og, hehe, nei, eg burde vel kanskje ikkje seie dette, for det vil nok dra rektoren ned litt. Hehe, nei, vi får satse på at han taklar det. Vil de vite kva ordet rektor står for, også? Elevane på første rad nikkar ivrig.

– No skal de høyre. Ordet rektor er på latinsk rector, og frå dette ordet stammar ordet rektum.

Sylfest Lomheim har snakka fort og lenge, men plutseleg stoppar han opp og ventar. Han spissar øyrene og høyrer så vidt ein lærar sin trillande latter. Likevel, det er ikkje nok. Lomheim ventar på å få kome med det avsluttande poenget.

– Rektum er eit anna ord for endetarmen.

Latteren bryt ut. Sylfest smiler. Han har kome igjennom hjå ungdommen og fått fram eit viktig poeng. Språket kan faktisk vere ganske morosamt og interessant.

Kilde: http://www.framtida.no/articles/kva-tyder-ordet-rektor

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s