Få vil betale for nyhende på brett

Nettbrettnyheiter populære – men få vil betale.

Stadig fleire brukar nettbretta sine til å få med seg nyheiter. Men få er villige til å betale for tenesta, viser ein ny studie.

Rapporten frå Pew Research Center og The Economist Group er dårleg nytt for mediebedrifter som har satsa på nettbretta som ei ny inntektskjelde i staden for dei tradisjonelle papiravisene.

Forskarane har granska korleis nettbretteigarar faktisk brukar dei digitale nyskaffingane sine. I dag har 11 prosent av amerikanarane skaffa seg eit nettbrett. Ifølgje undersøkinga brukar over halvparten, 53 prosent, nettbretta sine dagleg til nyheitslesing. Men berre 14 prosent har i dag betalt for ei slik teneste, og berre ein av fem seier dei er villige til å betale 30 kroner i månaden – eller ei krone om dagen – for tilgangen.

– Då nettbrettet kom, trudde mange observatørar at dette kunne endre dei økonomiske vilkåra for digitalt nyheitskonsum. Men den trua var basert på at folk ville laste ned spesielle nyheitsappar – som organisasjonane kunne ta betalt for, seier forskarane bak undersøkinga.

I staden viser resultatet deira at dei fleste les nyheiter gjennom vanlege nettlesarar.

Hva synes du om saken?

Kilde: http://www.framtida.no/articles/fa-vil-betale-for-nyhende-pa-brett

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s