Trur på boklov i 2014

Stortingspolitikar Gunn Karin Gjul (Ap), som lanserte forslaget om boklov i februar i år, håpar lova kan vere på plass i 2014-2015.

Som komiteleiar for kulturkomiteen på Stortinget er Gjul ingen kven som helst i norsk kulturliv. Spørsmålet om boklov er no til utgreiing i regi av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. På Stortinget er det fleirtal for ei slik lov.

– Men kampen er ikkje over, seier Gjul til Norsk faglitterær forfattar- og oversetjarforeining på nett.

Gjul meiner ei slik lov må innehalde ei tydeleg marknadsregulering av heile bokbransjen og eigarstrukturen.

– Dette er ein viktig føresetnad for ei slik lov. Får ein unntak frå konkurranselova, må ein ha eit gjennomsiktig system. Det vil vere naturleg å regulere både marknaden og bransjen. I Tyskland er dette nedfelt i ei eiga boklov, seier Gjul.

Kilde: http://www.bokogsamfunn.no/trur-pa-boklov-i-2014/

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s