Stadig færre butikkar i UK

Kvar femte butikk som sel bøker i Storbritannia har forsvunne dei siste seks åra, og ein fjerdedel av bokhandlarane. Det viser ei undersøkjing som den britiske Bokhandlarforeininga presenterer i dag.

Det er bladet Svensk bokhandel som melder dette på sine nettsider.

Nyleg gjorde britiske medier ei stor sak av ei undersøkjing som viste at den britiske bokhandelen var halvert dei siste seks åra, frå 4 000 til drygt 2 000 butikkar.

Fordi foreininga stussa på desse tala, gjorde dei si eiga undersøkjing. Den er ikkje fullt så alarmerande, men likefullt ottefull. I juni 2007 var det totalt 4 495 medlemmer i BA, av dei var 1 483 uavhengige.

I juni 2011 er tilsvarande tal 3 683, respektive 1 099.

Butikkar i senrale strok, (high street) er hardast råka. Det nye er ikkje det store talet på butikkar som legg ned, men meir at det ikkje kjem til nye.

I eit forsøk på å stoppe denne negative trenden har BA planar om å be den britiske regjeringa, og forlaga i landet, aktivt om hjelp.

Tim Godfray, som er direktør i BA meiner dette ikkje utelukkande handlar om å ta vare på eigne medlemer.

– Det handlar også om å bevare butikkmangfaldet i byane våre. Vi veit at det er vitalt i kampen for å stimulere til meir leseglede, at folk kan få tak i bøker i dei viktigaste handlegatene. Dette er også viktig for landets økonomiske helse og kultur, seier han.

Samstundes signaliserer BA at dei i løpet av nokre månadar skal starte ein nasjonal kampanje som ein del av dette arbeidet.

Kilde: http://www.bokogsamfunn.no/stadig-faerre-butikkar-i-uk/

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s