Nynorsken er til for dei bitre

Er nynorsken til for at bygdefolk skal sitje å skrive artiklar på nynorsk om kvifor me treng nynorsken?

Dei fleste romanar blir publisert på bokmål. Dei fleste tidsskrift er skrivne på bokmål. Dei fleste nyhendereportasjane er på bokmål. Dei fleste nettstadane er på bokmål. Dei fleste filmane er teksta på bokmål. Dei fleste magasina kjem ut på bokmål. Dei fleste bloggane er skrivne på bokmål. Så kva arena er det nynorsken har overtaket på? Jo, nynorskbrukarane er best på å skrive om kvifor me treng å bevara nettopp nynorsken.

Kjem ein over noko på nynorsk – anten det er ei bok, eit tidsskrift eller ein blogg – vil den utan unntak gje utrykk for at me skal ”halda på nynorsken” eller at ein ”ikkje skal la bokmålet få overtaket på oss” i ein eller annan form. Kva er det me lurar oss til å tru?

Nynorsken er nesten umogeleg å halda på og bokmålet har allereie overtaket på oss. Me er alle klar over stillinga til nynorsken i dag – den realiteten har nynorskentusiastar gjennom alle tider sørgja for at me aldri skal få gløyma. Diverre trur eg at alle desse krampaktige, nynorske redsleutbrota i botn og grunn gjer det vanskelegare for nynorskbrukarar å halda på skriftspråket sitt.

Nynorskforeldre kikkar livredde over skuldra på borna sine for å passe på at dei ikkje les bøker på bokmål. Nynorsklærarar fortel skrekkhistorier om ungdommar som missa nynorskkunnskapane sine når dei starta på universitetet. Nynorskforskarar fortel med gru over tapte bøyingsformer og eit ordforråd som er oppløysing.

Er det dette som skal halda nynorsk saman – frykta for at språket vårt skal døy vekk? Er det dette som skal være nynorsken si kampsak? Er det dette me vil at skriftspråket vårt skal stå for? Det er dette som gjer at eg fleire gonger har hatt problem med nynorsken.

Eit skriftspråk er til for å kommunisera menneske i mellom. Det skal vera ei kjelde til kunnskap, impulsar og inspirasjon. Me nynorskbrukarar har gjort om vårt eige skriftspråk til eit språk som berre vert brukt når ein snakkar om redsla for å misse nynorsken. Og dess meir me snakkar om redsla for at nynorsken skal døy ut, dess mindre inspirert blir eg av å skrive nynorsk. Eg var ein gong overbevist om at nynorsken sto for kreativitet, undring og hardt arbeid. Nå er eg ikkje lengre så sikker.

Nynorskentusiastane har gjort nynorsken til noko som er langt utanfor ungdommane si rekkevidd. Det har blitt gjort om til noko skummelt og avansert. Nynorsken rommar i dag artiklar og tekstar om litteratur og bygdehistorie. Når var det sist du såg ein nynorsk artikkel innanfor ein felt ungdommen interesserer seg for – mote, konsertar eller siste tippeligakamp? Nynorsken har blitt finkultur, og finkulturen er for fin til at ungdommen tør å leika med han.

Debatten var over ved likestillingsvedtaket. Som ein følgje av at verda blir mindre og det engelske eineveldet vert meir dominerande var det ikkje lenger rom for to nasjonale språk å kniva med kvarandre. Det er nynorskbrukarane som har gitt seg sjølve stempelet ”utdøyande rase”. Det er vår skuld at me har latt frykta for å missa skriftspråket ta over for alt det andre nynorsken ein gong sto for. I redslekaoset gløymer me at det er opp til oss sjølve om me ynskjer å vera eit offer for andre skriftspråk som breiar seg som eld i tørt gras.

Eg håpar alle nynorskbrukarar skal slutta å sjå på seg sjølve som noko som blir trampa over av Jennifer Aniston, Knud Knudsen og Max Factor. Eg meiner at å sitja å skriva nynorsk om kvifor ein treng nynorsken forpestar nynorsken meir enn noko anna. Er dette ikkje nettopp denne jernhanda nynorskbrukarane prøvar å halde over ungdommen som gjer at dei kjem til å gå over til bokmålet?  Ein kan ikkje skremme ungdommar til å bruke eit skriftspråk. La nynorsken vera eit inspirerande og allsidig språk, ikkje eit språk som sit bittert, litterært og nedstøva bakarst i bokhylla.

Kilde: http://www.framtida.no/articles/nynorsken-er-til-for-dei-bitre

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s