Sterkt engasjement fra Bokforlagets poet

Medan mor Odveig Klyve vart arrestert i bunad, starta sonen jusstudia med eit tre timar langt opphald på glattcella. Familien kjempar framleis mot monstermaster i Hardanger.

– Me var 15 – 20 demonstrantar inne på arbeidsområdet og stoppa ein annleggsbil som kom for å lasta av. Då kom politiet og me var tre stykk som lét oss arrestera og vart køyrd til Bergen, seier Odveig Klyve, og legg til at fleire av deltakarane er arrestert tidlegare.

Ho kjem opphavleg frå Klyve, som er i området der Statnett har sett opp riggområde i samband med kraftlinja som skal byggast, men er no busett i Stavanger. Også sonen Audun Klyve Guldbrandsen, som er tidlegare leiar av Bevar Hardanger, var med på demonstrasjonen.

– Han begynte som student på juridisk fakultet i Bergen denne veka. Med å delta på demonstrasjonen i går starta han jusstudiet med eit tre timars opphald på glattcelle, seier Klyve til Aftenbladet.no.

Bøter og rettssak

Aksjonistane godtok ikkje bota på 10.000 kroner, og denne vart dermed auka til 12.000 kroner. Om nokre veker må dei og møta i retten.

– Me bestemte oss for å gå heile vegen fordi me vil markera oss sterkt mot utbygginga og måten det har gått føre på. Det er eit overgrep mot lokalsamfunnet og verdssamfunnet, seier Klyve.

Ho viser til at lokalsamfunnet ikkje vart høyrt da regjeringa tok avgjerda om å bygga mastene, og meiner at verdssamfunnet vert råka fordi ein set opp store installasjonar i eit gamalt kulturlandskap. Klyve hevdar at dei såkalla monstermastene vil øydeleggja eit fjordlandskap som er unikt på verdsbasis, mellom anna fordi det er lett tilgjengeleg og ein meir en nokon sinne treng desse meditasjonsromma.

– Aksjonistane vart fjerna fordi dei ikkje etterkom påbodet frå politiet, opplyser operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Morten Kronen tilbt.no.

Oljeindustrien

Klyve meiner det må vera rom for å diskutera korleis ein skal skaffa kraft, og ikkje minst transportera den, men reagerer på måten regjeringa har gått fram på i saka. Mellom anna meiner ho at oljeindustrien som skal ha krafta burde betala for å få den på ein meir skånsam måte, som gjennom sjøkablar.

– Ein skulle tru at dette var ein tapt sak, men eg gjer det for å markera motstand og har endå håp om at politikarane vaknar opp og ser kva dei er i ferd med å gjera. Eg håpar at dei er feilinformert og snart oppdagar at krafta ikkje skal til Bergen, men til oljeinstallasjonane, held ho fram.

Aksjonisten understrekar at ho ikkje hadde gått så sterkt fram om det berre var familiegarden som sto på spel, men synest at dette dreier seg om viktige prinsipp i demokratiet. Mellom anna trekk ho fram at lokal styrerett er eit tema i valet, men meiner at Vestlandet er overkøyrd i denne saka.

– Samanhengen mellom natur og kultur er tydeleg i denne saka, og derfor nytta me bunad som symbol, forklarar Klyve.

I dag fekk aksjonistane og beskjed om at dei må halda seg 150 meter vekke frå anleggsområdet, samt melda frå to dagar før dei planlegg demonstrasjonar

Kilde: http://www.aftenbladet.no/innenriks/politikk/Bunadsaksjonistar-i-arresten-2857186.html

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s