Trøbbel for svensk bokbransje

Den svenske bokmarknaden held fram nedgangen. Dei fire første månadane i 2011 tapte bransjen 12 prosent samanlikna med same periode ifjor.

Dermed held trenden med synkande sal fram for svensk bokbransje. I 2008 gjekk salet ned med seks prosent, i 2009 med tre prosent og i 2010 med to prosent.

No håpar den svenske forleggarforeininga at bokhausten vil snu nedgangen. Bestseljarforfattarane Camilla Läckberg, Håkan Nesser, Henning Mankell, Liza Marklund og Jan Guillou, kjem alle med bøker i haust.

– Vonaleg endar 2011 med pluss-minus null, seier Kristina Ahlinder, som er leiar for den svenske forleggarforeininga, til nettstaden Svensk Bokhandel.

Kilde: http://www.bokogsamfunn.no/tr%C3%B8bbel-for-svensk-bokbransje/

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s