Mannsdominerte forlag

Norske forlag blir i all hovudsak leia av menn.

– Bransjen taper på fantasilaus leiarrekruttering, seier Tine Kjær i Piratforlaget.

I løpet av kort tid har forlaget Oktober mista to av sine dyktigaste medarbeidarar, skriv Klassekampen i dag. Etter 14 år som marknadsjef sluttar Elisabeth Steen forlaget for å bli forleggar i Piratforlaget, mens seniorredaktør Cis-Doris Andreassen går til teikneserieforlaget No Comprendo Press etter å ha vore i Oktober sidan 1994.

Avisa spør om dei to oppseiingane er døme på at forlagsbransjen er ein bransje kor det er vanskeleg for kvinner å nå toppen. Det er i alle fall eit faktum at det er svært få kvinnelege forleggarar i ein bransje som elles er dominert av kvinner.

I landets tre største forlag er tradisjonen klar – menn skal følgje menn i sjefsstolen. Då William Nygaard i fjor trekte seg tilbake etter 35 år som Aschehoug-sjef, var det ikkje nr. 2-kvinnene Kari Spjeldnæs (i dag forlagsdirektør) eller Kari-Anne Haugen (i dag visekonsernsjef) som overtok, men sonen Mads Nygaard.

I Gyldendal sit Geir Mork som sjef på sekstande året, mens Tom Harald Jenssen er leiar for storkonsernet Cappelen Damm. Mannlege toppsjefar finn ein også i Pax, Universitetsforlaget, Samlaget, Schibsted, Fagbokforlaget, Tiden, Manifest, Kolon, Press, Spartacus, BVT-forlaga, Pantagruel og Juritzen.

Kilde: http://www.bokogsamfunn.no/mannsdominerte-forlag/

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s