Riksdagen vil seinke momsen på e-bøker

Den svenske Riksdagen vil ha lågare moms på e-bøker.

Det er bladet Svensk Bokhandel som melder dette på sine nettsider. Under gårsdagens debatt i det svenske parlamentet der temaet var EUs såkalla grøne bok om framtida for momsen, samla Riksdagen seg om lik momssats på alle type bøker.

Reglane i EU gir medlemslanda høve til å gje lågare moms på bøker i alle format, bortsett frå dei digitalt nedlastbare. Det betyr att både e-bøker og nedlastbare lydbøker har 25 prosents moms, mot seks prosent på øvrige bøker. Men så meinte Riksdagens skattekomite i ordskiftet att “Det är viktigt att samma moms kan gälla både i traditionella sammanhang och i en digital miljö.” Ei linje Riksdagen altså vedtok å følgje.

Her i landet er det full moms på e-boka, i motsetnad til papirboka som har momsfritak.

Kilde: http://www.bokogsamfunn.no/riksdagen-vil-seinke-momsen-pa-e-b%C3%B8ker/

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s