Mørke skyer i vest

Dagens Næringsliv melder at det går dårleg med amerikansk bokhandel. Dei to store kjedane, Barnes & Nobles og Borders, er i hardt vêr rapporterer avisa frå New York. Syndebukken skal vere sal over internett og e-boka i tillegg til hard konkurranse frå Amazon. Sidan 2004 har Barnes & Nobles lagt ned 135 butikkar, og aksjekursen er fallande for begge selskapa. Som vi veit er dette ein marknad med 310 millionar menneske. I tillegg kjem distribusjon til kundar utanfor USA. Difor er ikkje situasjonen direkte samanliknbar med norske forhold. Likevel er det interessant å merke seg at analysebyrået Forrester meiner det vil vere 82 millionar lesebrett i USA i 2015. Når det gjeld salet av e-bøker, så går det dramatisk opp med ein auke på nesten 170 prosent for januar og februar samanlikna med tilsvarande periode i fjor. For papirbøker er nedgangen på 25 prosent.

Det blir mange tal dette, men det er verdt å merke seg kva som skjer i Amerika fordi trenden der har ein tendens til å nå oss i Europa. Her heime står bokhandelen framleis støtt i den norske bokheimen. Nesten 65 prosent av bøkene som blir selt her i landet er innom ein bokhandel før dei når lesaren. Ei viktig forklaring på det er nok fastprisavtalen, som har unntak frå konkurranselova. Difor er norsk bokhandel godt representert over heile landet. Forstandige politikarar innførte på 60-talet ei innkjøpsordning som har ført til at vi stadig vekk er eitt av verdas mest boklesande folk. Momsfritaket på papirboka høyrer også med i dette bilete. Alt dette har gitt oss meir stabilitet enn tilfellet er for den amerikanske bokbransjen, som opererer i ein mindre regulert marknad. Når det gjeld utviklinga i Amerika, reknar vi med at byråkratane i Kulturdepartementet, som syslar med planar om ei norsk boklov, merkar seg det som no skjer i statane.

Så vil vi gjerne legge til at det er spennande å følgje utviklinga av e-boka der borte, ikkje berre som salsobjekt, men også som kanal for formidling av litteratur. Til hylekoret i riksavisene her heime, som til ei kvar tid skyt seg inn under seg å vite kva som er best for bransjen, viser vi meir enn gjerne til desse linjene frå Bob Dylan:

Don’t speak too soon,
For the wheel’s still in spin
And there’s no tellin’
Who that it’s namin’

Kilde; http://www.bokogsamfunn.no/m%C3%B8rke-skyer-i-vest/

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s