Gratis bøker til 90.000 ungdommar

Torsdag skal Verdas bokdag markerast med utdeling av gratis bøker til 6. og 7. klasse- elevar over heile landet.

Bokgåva kan hentast hos alle landets bokhandlarar, og utdelinga markerer samtidig starten på årets “Leselystaksjon”. I år kan elevene velje mellom fleire norske forfattarar av ungdomsbøker, både kjente og ukjente.

Verdas bokdag blir markert i over 100 land og er ei markering av bokas rolle i samfunnet, som uttrykksform, for språkleg og kulturelt mangfald, for utdanning og for kommunikasjon. Verdas bokdag har sin bakgrunn frå Barcelona i Spania kor det er en tradisjon å gje kvarandre ei bokgåve den 23. april. I år var 23. april påskeaftan, og dagen blir difor markert i år den 5. mai, av bibliotek, skular, bokhandlarar og foreiningar over heile landet.

– Vi er svært glade for at 91.000 elevar i år vil få ei bok i gåve fra den lokale bokhandelen sin i samband med Verdas bokdag. Det er ei viktig markering av alt det boka betyr, og den rolla ho spelar i samfunnet, seier prosjektleiar Kathrine Wegge i Leselystaksjonen.

Leselystaksjonen er landets største felles aksjon for å fremje boka og lesegleda hos norske skuleungar. 1.700 skular har meldt seg på til å motta leselystboka i år. Leselystaksjonen er eit samarbeid mellom Lesesenteret i Stavanger, Foreningen!les, Norsk Barnebokinstitutt, Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen.

Kilde: http://www.bokogsamfunn.no/gratis-b%C3%B8ker-til-90-000-ungdommar/

Advertisements
This entry was posted in Nyheter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s